Kartlegging

Barnehage og skole er viktige arenaar for å oppdage og sette i gang tiltak for barn og unge som har behov for ekstra støtte til språkutvikling eller barn som har språkvanskar. Når barn i barnehagen og elevar i skolen har eit anna morsmål enn norsk, krev det ekstra sensitivitet og kunnskap hos lærarane som skal legge til rette for god og tilpassa læring for den einskilde. I arbeidet med å observere, kartlegge og vurdere behov for språklæring, møter mange lærarar i barnehagar og skolar utfordringar.

Dei fleste verktøya som er utarbeidd for å kartlegge eller teste språkkompetansen til barn og unge, er normert for einspråklege med norsk som morsmål. Ein fare med slike verktøy, når dei blir brukt på minoritetsspråklege som er i ferd med å tileigne seg andrespråket (norsk), er at fasar i andrespråksutviklinga kan tolkast som språkvanskar. Derfor er dei kunnskapane kartleggaren har om fleirspråklegheit og andrespråksutvikling avgjerande for at barn og unge med minoritetsspråkleg bakgrunn skal få eit godt læringsmiljø tilpassa sine behov.

Barnehage

Det har i dei siste åra vore store diskusjonar knytt til om barnehagane skal språkkartlegge barn, og da særleg minoritetsspråklege barn. Det er ønskeleg at alle barn skal meistre norsk godt nok til at dei kan ha fullt utbytte av det som skjer i barnehagen, og etter kvart i skolen, slik at norsk kan fungere som ein reiskap for læring innanfor alle fagområde.
Les meir om kartlegging i barnehage.

Skole

Opplæringsloven seier at kommunane og fylkeskommunane har plikt til å kartlegge kva ferdigheiter elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskilt språkopplæring. I tillegg er det viktig å kartlegge dei skolefaglege ferdigheitene til nykomne ungdomar. Det kan også vere nyttig å undersøke leseferdigheitene til fleirspråklege elevar på morsmålet. Det er utvikla kartleggingsverktøy for alle desse formåla.
Les meir om kartlegging i skolen
Kartleggingsverktøy

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord