Læringsressursar

I fleirkulturelle barnehagar og skolar er det god anledning til å ta i bruk det språklege og kulturelle mangfaldet som er representert. Det inneber at mangfaldet blir gjort synleg og tatt i bruk som ein naturleg del i undervisninga og som eit gode for alle.

Utvikling av andrespråket er avhengig av den kompetansen som allereie er utvikla i morsmålet. Her vil du derfor finne undervisningsopplegg for skole og ulike arbeidsmåtar i barnehage som er med på å støtte barns språkutvikling på både morsmål og norsk. For fleirspråklege elevar vil dei grunnleggande ferdigheitene vere sentrale for å meistre vidare skolegang og forhindre fråfall vidare i utdanningsløpet og samfunnslivet. Dei grunnleggande ferdigheitene er integrerte i kompetansemåla og vil kome til utrykk på ulike måtar i undervisningsopplegga.

Tips og idear til arbeid i barnehage og skole, samt meir konkrete undervisningsopplegg i grunnskolen og vidaregåande opplæring kan du lese om under fana for dei ulike nivåa:

Barnehage: Arbeidsmåtar

Grunnskole: Læringsressursar

Vidaregåande: Læringsressursar

Vaksenopplæring: Læringsressursar

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord