Førde barneskule, Førde

Førde skule
 
 
 
 
 
 
Om skulen
Førde Barneskule er ein 1-7 skule med 250 elevar fordelt med to klassar på kvart årssteg. Skulen har om lag 50 elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn. Desse representerer i dag 20 nasjonar, og halvparten av dei er 1. generasjons innvandrarar. Etter at det vart oppretta asylmottak i Førde tidleg på 90-talet har mange elevar kome som asylsøkjarar. Dei siste åra har vi fått større innslag av barn gjennom arbeidsinnvandring.

Fokusskule
Som fokuseining ynskjer leiinga og personalet å vektlegge kompetanse- og nettverksbygging, ta utfordringa i å skape ein fleirkulturell skule på alvor og ynskjer å vere eit godt døme på ein skule med ein slik eigenart. Fleire lærarar i kollegiet har teke vidareutdanning i fleirkulturell forståing og om tospråkleg utvikling. Vi deltek på hjulmøta i fylket og på fokusskolesamling i Oslo arrangert av NAFO. Vi arrangerer kvart år temasamling på vårparten med førelesar frå Nafo. Då opnar vi for deltaking frå andre skular i regionen. Desse vil vi elles også vere tilgjengelege for i konsultasjon og drøfting av problemstillingar gjennom skuleåret.

Fleirkulturelle perspektiv
I klassane vert det kvart semester lagt vekt på det fleirkulturelle perspektivet. Tiltak som å sette fokus på eit land og ein kultur som elevar i klassen har bakgrunn frå er nedfelt i handlingsplanen og resultatet kan ofte vere framstilt visuelt som elevarbeid og veggoppslag. Dette styrkjer elevane sin identitet og skulen er medviten om at å vekse opp i eit fleirkulturelt skulemiljø vil tilføre alle elevar kunnskap, røynsler, haldningar og verdiar som seinare kjem dei til gode i samhandling i vaksenlivet.

Nyankomne
Nye elevar og foreldre som kjem til skulen vert helsa velkomne på eit mottaksmøte. Vi har sett at det er svært viktig både å gje og å skaffe oss fyldig og relevant informasjon. Der vert det – ofte ved hjelp av tolk – sett fokus på skulen sitt ansvar, men og på rolla som elev og foreldre har, plikter, rettar og forventningar. Gjennom god kontakt og dialog frå dag 1 byggjer vi tillit.
Skulen legg til rette norskundervisning gjennom språkgrupper frå 2.steget. Elevar som startar i første klasse fyl den vanlege lese- og skriveopplæringa. Språkgruppene vert sett saman ut frå fleire kriteriar der vi legg vekt på alder og nivå, men også språknær samansetting. Gruppene får undervisning ein time for dagen. I tillegg har gruppene av elevar kvar veke fått tildelt ein time musikkterapi. Dette er ei viktig tilnærming til kommunikasjon og språk, men og i nokre høve i arbeid med traumer. For nokre av dei elevane som ber vanskelege historier og som kan vere mest sårbare har vi også gjeve tilbod om individuell musikkterapi. Denne ordninga held fram og eit forskningsarbeid rundt problemstillinga er i emning.

Mosaik
Siste åra har Førde Barneskule gjennomført eit større prosjekt kalla MOSAIK. Dette har vore eit samarbeid i regi av skulen, Førde kulturskule og Sogn og Fjordane fylkeskommune, avd. for musikkterapi. Resultatet har vore ei stor fargerik førestilling i Førdehuset, kulturen si storstove. Øving til førestillinga har skjedd i språkgruppene, individuelle timar, fellesøvingar i klassar og i stort plenum. Tanken bak prosjektet har vore å utvikle ein arena for musikkopplæring for flyktningeborn, der ein kan arbeide med psykososiale problemstillingar og kulturkompetanse. I øvingane har det vore sett fokus at ein i den musikalske konteksten har trena på sosialt samspel, kulturforståing og å syne respekt for kvarandre. I prosjektet har ein gjennom året også arrangert fire kulturkafèar på skulen, der ein har ynskt å ha ein låg terskel for foreldredeltaking. Gjennom prosjektet har elevar på asylmottaket fått tilbod om gratis plass på Kulturskulen, opplæring på instrument eller innan visuelle formimgsfag.

Fritid
Vi har sett at deltaking i noko av det store tilbodet av organiserte fritidsaktivitetar som er i skulen sitt nærmiljø, har stor betydning for våre minoritetspråklege elevar. Det har vist seg å ha stor effekt både for språkutvikling og integrering. Aktivitet i samhandling med andre vil demme opp for dei svingingane i trivsel som innvandrarbarn kan oppleve. Og sidan trivsel er eit vilkår for læring har dette også betydning for læringssituasjonen på skulen. Skulen prøver difor å ha eit nært samarbeid med lag og organisasjonar. Og vi har etterkvart fått forståing og aksept hos leiarar og trenarar for å gje minoritetsgrupper innpass i slike miljø. Skulen har og nært samarbeid med Røde Kross om leksehjelptiltak på skulen ein dag i veka. Slik hjelp for fleirspråklege elevar har ein også fått i gang for barn på asylmottaket. United World College i Fjaler har vore ein støttespelar i sosialt arbeid for denne gruppa.

Her finner du skolens nettside

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord