KF Innvandrarsenteret i Flora

FlorøInnvandrarsenteret i Flora er eit vaksenopplæringssenter for minoritetsspråklege ungdom og vaksne frå 16 år og oppover. Vi har derfor eit kontinuerleg fokus på det fleirkulturelle feltet, og det er ein naturleg del av det pedagogiske arbeidet ved senteret vårt. KF Innvandrarsenteret i Flora har tre avdelingar; vaksenopplæring, integreringsavdeling og asylmottak. Vaksenopplæringa tilbyr norskopplæring for asylsøkjarar og vaksne innvandrarar og flyktningar over 16 år. I tillegg har vi grunnskuleopplæring for vaksne.
 
 
 
Eksamenretta grunnskoleklasse for ungdom
Sidan 2002 har vi hatt eit samarbeid med fylkeskommunen (Flora vidaregåande skule) om ei grunnskuleklasse for ungdom (EGF). Kommunen og fylkeskommunen deler på finansieringa. Innvandrarsenteret er lokalisert rett ved sida av vidaregåande skule, noko som lettar samarbeidet. Innvandrarsenteret står for lærarkreftene i norsk og samfunnsfag, medan Flora vidaregåande har lærarar i engelsk, matematikk og naturfag.

Grunnskuleopplæringa i EGF går primært over eit år, men nokre deltakarar kan bruke to år dersom lærarane ser at dei har behov. Dei blir då ikkje meldt opp til grunnskuleeksamen det første året. Klassen har 30 undervisningstimar i veka, og lærarane tilpassar undervisninga til den enkelte deltakar. Er der aktivitetsdagar, turar osv. på vidaregåande, får denne klassen tilbod om å vere med. På denne måten blir overgangen til ordinær vidaregåande skule lettare.

Grunnskule for vaksne
Vi har også ei vanleg kommunal grunnskuleklasse med ca 15 deltakarar som går over to år. Her står vi for alle lærarane og heile finansieringa sjølve. Her er det også 30 undervisningstimar i veka og undervisning i fem grunnskulefag.

Tospråklege assistentar og morsmålsopplæring
Vi har fokusert meir og meir på bruk av tospråklege assistentar dei siste åra. I januar 2015 tilsette vi ein tidlegare Introdeltakar med arabisk som morsmål i ei 100% fast stilling som tospråkleg assistent. Ho er blitt ein stor ressurs for oss og blir brukt til tolk, undervisning av 50 t samfunnskunnskap på arabisk og undervisning av asylgrupper. I tillegg har vi tospråklege assistentar på tigrinja og somali i engasjement.

Alfaundervisning
Det har lenge vore ei utfordring å få alfadeltakarar opp på eit tilfredsstillande nivå i norsk. Derfor søkte vi kommunale utviklingsmidlar (KUM) i februar 2015 til morsmålsopplæring for analfabetar. I april starta vi med morsmålsopplæring 6 t i veka på somali, tigrinja og dari. Dette var i tillegg til vanleg norskopplæring for denne gruppa. Målet har vore at gjennom å få lære grunnleggande lesing og skriving på morsmålet – slik at dei til dømes kan gjere seg nytte av ei ordliste – ville dette lette norskinnlæringa. Tilbodet har blitt tatt svært godt imot av deltakarane. No gjenstår ei evaluering av denne undervisninga, før vi bestemmer oss for om dette er noko vi vil fortsette med.

Einslege mindreårige
I desember busette Flora kommune åtte einslege mindreårige frå Eritrea. Dei gjekk rett inn i ei nyoppretta norskgruppe saman med andre nyankomne, og får 20 timar norskundervisning i veka. I tillegg er dei i ei eiga gruppe 10 timar i veka der dei får undervisning i matematikk, data og grammatikk. Dette er for å førebu dei best mogleg på EGF-klassen.

Presentasjon av eksamensrettet grunnskole (EKG)

Lenke til innvandrarsenterets nettside

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord