Språkstimulering gjennom samtale

Avhandling om samtaler i barnehagen

Torild Marie Olsen har teke doktorgraden ved Universitetet i Agder (UiA) med avhandlinga Språkstimulering gjennom samtale – en studie av språklig samhandling, ordforråd og teksttyper i samtale mellom ansatte og flerspråklige barn.

Studien viser at tilsette i barnehage forenklar språket når dei samtaler med fleirspråklege barn. Dette viser seg både i leik ute og på turar. «Det trengs eit auka medvit om kva ein snakkar om når ein er i samtale med barn», seier Olsen.

Uformelt språkarbeid

Gjennom forskinga si ønska Torild Marie Olsen å få kunnskap om det som kjenneteiknar det uformelle språkarbeidet i barnehagen. Ho ønska å finne ut kva slags vurderingar og prioriteringar dei tilsette gjer i dette arbeidet. Olsen fylgde fleirspråklege barn og studerte det som går føre seg når barna sjølv vel aktivitetar. Føremålet var å finne kvalitetar ved samtalene som kan verke inn på fleirspråklege barns språkutvikling.

Samtaler mellom barn og tilsette

Forskaren observerte at samtalene er friare for barnet når dei går føre seg
ute og i fri leik. Fleirspråklege barn tek fleire initiativ og har sterkare innverknad på form og innhald i samtalene enn når samtalene går føre seg inne.

«For at det skal være ein god språklæringssituasjon må barna være interesserte og kjenne seg trygge i situasjonen», seier Olsen. Ein kan ikkje sjå språk og språklæring isolert frå omgivnadene. Arbeid med språk må byggje på barna sine erfaringar. Ho er opptatt av at det å lære norsk i barnehagen må sjåast i samanheng med at barn skal utvikle kunnskap, etablere venskap og få høyre til fellesskapet i barnehagen.

Utviding av ordforrådet

Eit av dei sentrale funna i Olsen si avhandling er at barna får for lite hjelp av dei vaksne til å utvide ordforrådet sitt. Det kan virke som om dei vaksne tek omsyn til dei fleirspråklege barna ved å forenkle språket, i staden for å la barna få tilgang til eit rikt og variert språk. Ho oppfordrar difor tilsette i barnehagar til å bruke dei rette namna på det dei snakkar saman om og unngå å bruke erstattande ord som «den» og «det».

Auka medvit

Torild Marie Olsen argumenterer for at det er naudsynt med eit enda sterkare medvit og meir kunnskap i barnehagane omkring samanhengar mellom tilsette sin språkbruk i samtaler og dei fleirspråklege barna si språklege utvikling. Tilsette i barnehage må bli meir medvitne om korleis dei snakkar med fleirspråklege barn også i uformelle samtaler. Olsen peiker på at arbeid med språk styrker det heilskaplege arbeidet i barnehagen.

Les meir
Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord