Stipend til minoritetsspråklege lærarar

Utlysing for studieåret 2018/2019

Det er mogleg for minoritetsspråklege lærarar å få stipend for studium som gir formell kompetanse for undervisning i skulen. Utdanningsdirektoratet (Udir) forvaltar stipendordninga i samarbeid med Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Skuleeigar vurderer søknadene ut frå eige behov og sender tilråding til Udir. NAFO har det faglege ansvaret for ordninga.

Målgruppe

Målgruppa for stipendordninga er lærarar som ønskjer å starte opp eller vidareføre utdanning for å få godkjent formell kompetanse for undervisning i skulen, og som underviser på andre morsmål enn norsk, samisk, dansk, svensk, engelsk, fransk og tysk.

Kva for studium gjeld ordninga for?

Stipend kan bli innvilga for å gjennomføre studium som kan inngå i lærarutdanning som tilfredsstiller krav for tilsetting i undervisningsstilling – det vil seie heile eller delar av alle typar lærarutdanning ved norske høgskular og universitet. Stipendordninga omfattar derimot ikkje påbygging på allereie godkjent lærarutdanning i Noreg, bortsett frå påbygging av tospråkleg faglærarutdanning.

Storleiken på stipendet og skattereglar

Kvart stipend er på kr 100 000 for 60 studiepoeng eller kr 50 000 for 30 studiepoeng. Stipendet er personleg og i utgangspunktet skattepliktig.

Korleis søke?

Personar som stipendordninga gjeld for, må levere søknad til rektor, som sender søknaden vidare til skuleeigar (kommunen, fylkeskommunen, statleg eller privat skule) innan 15. mars 2018.

Det er skuleeigar som prioriterer og innstiller søkarar og sender søknad via elektronisk skjema til Utdanningsdirektoratet (lenke til søknadsskjema kjem på NAFO si nettside).

Søknadsfristar

15. mars 2018: Frist for leiinga ved skulen til å sende søknad til skuleeigar.
15. april 2018: Frist for skuleeigar til å sende elektronisk søknad med innstillingar til Udir.

Har du spørsmål om stipendordninga?

Kontaktperson på NAFO: Kristin.Lund@hioa.no.

Ved konkrete spørsmål om studium, ta kontakt med dei enkelte studiestadene.

Viktige dokument

Utlysning 2018
Søknadsskjema 2018

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord