Norskfaget i vidaregåande

På denne sida finn du læringsressursar til norskfaget i vidaregåande som skal passe for elevar som ikkje har norsk som morsmål. Nokre elevar har vedtak om særskilt norskopplæring. Les meir om særskilt språkopplæring her. Også elevar utan eit slikt vedtak kan trenge språklege tilpassingar for å få oppfylt si rett til tilpassa opplæring.

Læreplanar

Elevar som har vedtak om særskilt norskopplæring i vidaregåande, kan få opplæring med utgangspunkt i tre ulike læreplanar. Les meir på sida om særskilt språkopplæring.

 

Undervisningsopplegg

Til Læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge – vgo

Utdanningsdirektoratet har publisert ei rettleiing til læreplanen. Den inneheld mellom anna sju praktiske eksempel.

Rettleiinga finn du her.

Til Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter

Utdanningsdirektoratet har laga ei eksempelbasert rettleiing til læreplanen i grunnleggende norsk. Læreplanen er nivådelt og aldersuavhengig. Det er opplegg for alle tre nivåer på både barnetrinn, ungdomstrinn og vidaregåande opplæring.

Gå til rettleiinga her.

Til ordinær læreplan i norsk

Grunnskulen

Undervisningsoppleggene nedenfor er hentet fra Veiledning til læreplan i norsk for grunnskolen (Utdanningsdirektoratet). Med små endringar kan ein nytte desse opplegga med elever i vidaregåande opplæring med kort botid i Noreg:

 

Filmar

BleikerUndervisning i innføringstilbud på videregående
Filmen viser blant anna korleis ein kan arbeide med argumentasjon i norsk og samfunnsfag, og korleis forkunnskapane til elevane kan vere ein ressurs i undervisninga. Det blir lagt vekt på muntlege aktivitetar, både i par, grupper og heil klasse.
 
 
Malakoff norskfilm Norskundervisning i videregående skole.
Filmen viser eit døme på korleis ein kan tilpasse for minoritetsspråklege elevar i den ordinære norskundervisninga. Læraren legg opp til varierte muntlege aktivitetar slik at alle elevar kjem til orde. Dei arbeider i par, grupper og heil klasse. Gjennom grundig muntleg forarbeid får elevane aktivert forkunnskapane og utvida omgrepa sine før dei sjølv skal skrive ein tekst.
 

Andre læringsressursar
  • Nettnorsk – eit interaktivt kurs i norsk som andrespråk for elevar i vidaregåande opplæring. Kurset legg stor vekt på praktisk, interaktiv oppgaveløysing.
  • Læremiddelbase frå Kompetanse Norge (tidlegare VOX) – inneheld 190 læremidler for vaksne innvandrarar. Mange passer óg for elevar i vgo
  • Nynorsk for minoritetspråklege – Nettsida er ein ressursbase for skulen oppretta av Nynorsksenteret.
  • Argumenterande skriving – eit ressurshefte for læraren, Skrivesenteret
  • GREI – eit nettbasert grammatikkspill for elevar f.o.m. mellomtrinnet t.o.m. vidaregåande opplæring, eigne undersider spesielt tilpassa minoritetsspråklege elevar.
  • Gutt ved pult
    norsk_flagg
    svart hvitt to ungdommer
    blyanter
    Barnehagenorsk
    jente-pa-skolen
    iktiskolen
    stabel-med-boker
    norlig-regnbue

    Tilbakestill glemt passord
    Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord